Holtingen og «Rabulisten Johan Reinert Reiersen»

Rabulisten Johan Reinert Reiersen er den treffande tittelen på Erik Aalvik Evensens bok om ein av Norges mest kontroversielle og omtalte personar i første halvdel av 1800-talet. Det handlar om holtingen som fekk eit noe anna ettermæle enn Jacob Aall, Knud Knudsen, Andreas M. Feragen og Andreas Faye som var heilt sentrale i det imponerande sterke samfunnsbyggar-, kultur- og utdanningsmiljøet i Holt i store delar av 1800-talet. Dei fire nemnte har fått sine store biografiar. Og seint i fjor haust kom den femte.

Figur 1. Omslaget til boken.

Ennå er det meir å skrive om viktige menneske som hadde delar av livet sitt i Holt. I slutten av boka si skriv Aalvik Evensen mykje og godt om Elise Tvede Werenskiold, «The Lady with the Pen». Dette saman med det utvandringshistorikarar har skrive om henne gir oss den mest samla, detaljerte og beste bildet også av denne intelligente og samfunnsbyggande prestedotter, kvinnesaksforkjemparen, fråhaldskvinna og utvandringsentusiasten. Pluss at vi mot slutten av boka får den mest samla framstillinga av livet til Elise Tvede Werenskiold som er skrive til nå.

Figur 2. Prestedatteren Elise Wærenskjold f. Tvede (1815–1895).

Erik Aalvik Evensen skriv i forordet at han ikkje er trygg på at han tør å kalle boka si ein biografi. Men langt på veg er Rabulisten likevel både ein biografi og eit imponerande skildra tidsbilde av denne underlege mannen, samarbeidspartnarar, venner, uvenner, idear og arbeidsoppgåver han tok på seg. Knud Knudsen (1812-1895) og Johan Reinert Reiersen (1810-1864) var barndomsvenner. Både Egil Børre Johnsen i Knud Knudsen-biografien og Erik Aalvik Evensen nå skriv om episoden som gjorde at dei blei uvenner for livet. Dei var unge studentar i Oslo, og Reiersen blei skulda for å stele pengar og forsøkte å legge skulda på Knud Knudsen. Vennskapet gjekk over til fiendskap frå Knudsens side, og dette varte livet ut.

Aalvik Evensen skriv at det kviler noen skygger over Johan Reinert Reiersen, og det var fleire enn Knud Knudsen som ikkje stolte på Reiersen i økonomiske spørsmål. Det gjorde heller ikkje venner i Danmark og Tyskland, og rettsvesenet i København og Hamburg. Reiersen var ikkje akkurat elska i kretsar Aalvik Evensen samlar under overskrifter «Kirke og Stat», «hovedstadspressen», «politi og påtalemyndighet».

Figur 3. Rabulisten Johan Reinert Reiersen (1810–1864) som ung redaktør i Kristiansand og som eldre, emigrert amerikanar i 1860.

Johan Reinert Reiersen var kontroversiell, og kjent av dei fleste samfunnsengasjerte menneske i Norge mellom 1830 og 1870. Som redaktør av Christiansandsposten var han frittalande, ein nær venn og våpendragar av Henrik Wergheland i kampen for å oppheve jødeparagrafen, og fremst i kampen for fleire viktige liberale framsteg. Reiersen tok kampen for dei lågare klassene. Han plasserte seg alltid midt i striden – ofte i fremste frontlinje for nye saker han reiste. I den grad han fekk oppleve noen av seirane i kampsakene, var det nok avskaffinga av jødeparagrafen sommar 1851 som kunne glede han mest. Elles var det lenge å vente på framstega for fattigfolk og dei som var mest undertrykt av stat og kyrkje.

I biografien, eller «beretningen» som Aalvik Evensen kallar boka si, blir det lagt stor vekt på oppveksten i Holt. Johan Reinert var son av klokkaren Ole Reiersen, og Holt var som før nemnt eit intellektuelt og åndeleg kraftsenter, med mange som trudde på lærdom, utdanning og dannelse som vegen framover.

Johan Reinert Reiersen vendte også blikket utover. Frå tidleg i 1840-talet skulle han bli ein pionér i utvandringa til USA. Eit landssvik var det mange som meinte, men Reiersen argumenterte for at dette var frigjering og framtid for fattigfolk det ikkje lengre var plass til i det store hamskiftet som var på gang i norske bygder. Reiersen skaffa seg økonomisk støtte til rekognoseringstur i 1843, og heldt foredrag, skreiv bok og ei mengde artiklar som gav utvandringslystne menneske langt meir kunnskap om det nye landet enn noen før hadde gitt dei. Reiersen kopla fridom og utvandring, og var realistisk samtidig som han såg på det frie og åpne amerikanske samfunnet som sjølve framtida. Aalvik Evensen skriv at heftet Veiviser for norske Emigranter «er et lite mesterverk i komprimert informasjon og skulle bli en følgesvenn for mange utvandrere. Med boka hans i hånd, ble kursen staket ut og planene kunne legges i overraskende detalj».

Figur 4. J. R. Reiersen: «Vegviser for Norske Emigranter til De forenede nordamerikanske Stater og Texas» (1845).

Mange følgte han til det nye landet. Noen busette seg saman med han, der han hadde førebudd norske koloniar. Men mange reiste også vidare, og fann nye heimar etter råd frå andre eller meir tilfeldig. Etter kvart blei det stille frå Reiersen. Ikkje alt gjekk etter planane hans. I staden var det Elise Tvede Werenskiold som blei den aktive brev- og artikkelskrivaren, og varm forsvarar av Reiersen og hans verk.

Figur 5. Texas og de norske bosettingene i Henderson, Van Zandt og Kaufman County.

Forfattaren Erik Aalvik Evensen frå Grimstad er utdanna lektor i engelsk, fransk, norsk og litteraturhistorie. Han har undervist på universitet, høgskole, vidaregåande skole og ungdomsskole, og var rektor ved Fjære ungdomsskole i 15 år. Han har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, og har skrive fleire bøker med historiske og lokalhistoriske emne, - og skjønnlitteratur. Det er eit imponerande forskingsarbeid som ligg bak denne boka, som er både ryddig, lettlest og i tillegg har eit språk som ein god roman.

Aalvik Evensen skriv så vi kjem heilt nær innpå denne forunderlege mannen og samtida hans. Den fine boka er gitt ut på Bokhuset Forlag, og inneholder også mange interessante kart og andre illustrasjonar.

Erik Aalvik Evensen
Rabulisten Johan Reinert Reiersen
369 sider.

Figur 5. Biografen Erik Aalvik Evensen.