Audiens hos diktarkongen i Weimar

28. august i fjor var det 275 år sidan den store tyske statsmann, diktar og polihistor Johan Wolfgang von Goethe (1749–1832) blei fødd. Mange var dei som ønskte å vitja Goethe i heimen hans i Weimar. Vi veit berre om éin nordmann som på reise i Tyskland oppnådde det.

Johan Wolfgang von Goethe malt 1828 av Joseph Karl Steiler (Wikipedia Commons)

Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus i Frauenplan 1 i Weimar. Han ville vera der på minuttet, for han skulle i audiens hos diktargeniet Johann Wolfgang von Goethe.

Den unge mannen var Andreas Faye. Han var fødd i Drammen i 1802, blei teologisk kandidat 1828, og var frå 1829 adjunkt ved middelskolen i Arendal. Faye skulle snart stå fram som ein viktig nybrottsmann på 1800-talet. No i 1831 var han på studie- og danningsreise til Danmark, Tyskland, Austerrike, Italia, Sveits og Frankrike.

Faye var teolog av utdanning, men først og fremst såg han på seg sjølv som historikar. Før han la ut på reisa i 1831, hadde han levert ei omfattande norgeshistorie til trykking. Han la vegen om Goethes by Weimar med eit håp om å få møte den store statsmannen og diktaren.

Andreas Faye 1827, truleg malt av drammensmalaren Peter Petersen. P.e. Foto: Privat.

Dette tiltaket vitnar om ein uvanleg initiativrik ung mann. Det var nemleg ikkje lett å få audiens hos Goethe. På reisa gjennom Europa hadde nordmannen møtt ei rekke kjende vitskapsmenn og kunstnarar. Viktig for å få til vitjinga hos Goethe var at han hadde blitt kjend med historieprofessoren Heinrich Luden i Jena. Luden råda Faye til å leggje vekt på at han kom frå det vesle landet Noreg. Da ville det bli lettare å få audiens, meinte Luden. Og med det rådet sette Faye djervt i gang.

Laurdag 14. mai oppsøkte han Goethes hus og bad hustjenaren spørja for han om ein audiens var mogleg. Han hadde skrive ønsket sitt på ein papirlapp. Å presentere seg som nordmann viste seg å ha den ønskte effekten. Da tjenaren kom attende, kunne han fortelja at Faye kunne koma til audiens dagen etter kl. 13.

Nøyaktig kl. 13 slo tjenaren opp fløydørene til det prektige «Goethehaus Weimar», der diktaren budde i nesten 50 år. Der stod Goethe midt i stova og tok imot. Faye skildrar han som «temmelig høi, smuk, og vakker Olding, som Ingen skulde troe at være over 80 Aar». Goethe bad Faye ta plass i sofaen, sjølv sette han seg på ein stol rett imot. Han spurde kva for språk dei skulle bruke. Faye svarte at nest etter norsk var tysk det han helst talte.

Goethe stille fleire spørsmål om reisa Faye gjorde gjennom Europa. Kva var formålet, kor hadde han vore, og kor skulle han vidare? Ettersom Faye alle stader han kom, var opptatt av å finne ut om undervisningsvesenet, dreidde samtalen snart over til det norske skolesystemet, som diktaren viste seg å vera svært interessert i. Da Faye tilfeldig kom til å nemne at han budde i Arendal, kunne Goethe fortelja at han nyleg hadde mottatt «en smuk Samling Mineralier» frå byen, og han spurde om korleis det no stod til med sølvgruvene på Kongsberg.

Det viste seg at diktaren for tida var spesielt opptatt nettopp av mineral og mineralogi. Han ville gjerne ha namn på nordmenn han kunne vende seg til for å spørja om norsk bergverksdrift. Faye nemnde da tre navn og Goethe bad Faye om å skrive ned namna.

I samtalen tiltalte Faye Goethe heile tida med «De» (Sie på tysk). Den tiltalen som ville ha vore den korrekte, nemleg «Dykkar Eksellense» (på tysk Eure Excellence), fekk den unge nordmannen seg ikkje til å seia. Han skreiv etterpå: «Ordet Excellants kunde jeg ei faae over mine Læber». Han visste jo elles godt at titlar var obligatoriske i Tyskland.

De må òg gi meg Dykkar adresse, sa Goethe og roste reiseplanen til Faye, og bad han skrive ned kva han hadde opplevd, når han til slutt kom heim til Noreg.

«Skriv meg til om Deres Reise og hvorledes Folk og Andet er forekommet Dem.» «Nei,» hadde Faye da sagt, «til en Mand som Dem drister jeg mig ei at skrive.» «Hvorfor ikke,» sa Goethe smilande, «det vil more mig, at høre fra Dem, naar de Lykkelig er kommet hjem.»

På kvelden same dag skreiv Goethe dette i dagboka si om vitjinga:

"Herr A. Faye, adjunkt ved latinskolen i Arendal, gav meg gledelege meldingar om dei norske bergverksmenn, vener av mineralogien og geognosien."
(Geognosi, brukt på 1800-talet om studiet av jordskorpa.)

Andreas Faye var den einaste nordmannen vi kjenner til som fekk audiens hos Goethe i Weimar. Berre ti månader etter besøket, den 22. mars 1832, døydde diktaren, 83 år gamal. Faye var da for lengst tilbake i Arendal, der han straks etter heimkomsten viste ein imponerande verketrang. I 1832 fekk byen – etter initiativ  av Faye – eige trykkeri og eiga avis, og dessutan både museum og bibliotek. Reisa i 1831 og seinere korrespondanse gjorde at Faye bygde opp og deltok i eit internasjonalt nettverk av framståande europeiske forskarar og åndsarbeidarar, noko andre humanistiske forskarar i landet ikkje hadde så tidleg.

Artikkelen stod på trykk i avisen Dag og Tid fredag 13. desember 2024 og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren. Bildene nedenfor er lagt til av redaktøren og fulgte ikke avisartikkelen.

Goethe i sitt arbeidsværelse med skriveren John. Oljemaleri av Johann Schmeller, 1834. Herzogin-Anna-Amalia-Bibliothek, Weimar (Wikipedia Commons).
Utdrag fra Andreas Fayes dagbok 15. mai 1831 med tegning av Goethes hus i Weimar og dikterkongens egenhendige signatur. I: En Mindekrands fra svundne Dage. P.e. Foto: Kuben, Arendal.

Utdrag fra Goethes dagbok mandag 15. mai 1831. Faksimile. Stiftung Weimarer Klassik, Weimar: Goethe Tagebücher 048.