Andreas Faye-selskapet – historia om ein viktig nybrottsmann

Andreas Faye-selskapet blei stifta på Kuben, Aust-Agder museum og arkiv i Arendal tysdag 8. mars 2022. «Møtet starta med foredrag og boklansering av Nybrottsmannen Andreas Faye av Ernst Håkon Jahr med bibliografi og ikonografi av Jan Faye Braadland, og presentasjon av Faye-samlingane på Kuben ved Kristoffer Vadum.»

Slik starta Andreas Faye-selskapet. Datoen 8. mars var naturleg. Det var på dagen 190 år sidan Arendal bibliotek og museum blei skipa, etter initiativ frå Andreas Faye.

Figur 1. Ernst Håkon Jahr og Jan Faye Braadland. Foto: Jan Kløvstad

Andreas Faye var født i Drammen i 1802, teologutdanna frå universitet i Oslo, lærar i Arendal, landets første folkeminneforskar, den leiande norske historikaren i fleire periodar på 1800-talet. Og han var ikkje minst prest i Holt og styrar for Holt seminar 1839–1860. Holt seminar var lærarskolen for heile Christiansands stift, og hadde studentar frå Boknfjorden til Frierfjorden og heilt opp til dei øvste bygdene i Setesdal og Telemark. Andreas Faye var ein av dei leiande intellektuelle i Norge, og sette varige spor etter seg. Han flytta til Sande i Vestfold i 1860, og var prest der til han døde i 1869. Fram til OL på Lillehammer var det eit eige Andreas Faye-hus på Maihaugen. Delar av den rikhaldige portrettsamlinga hans er på Eidsvoll 1814, og i Kuben i Arendal er det mange dagbøker og manuskript som fagstaben der har transkribert.

Figur 2. Andreas Fayes værelse på Maihaugen med møbler og portretter, demontert i forkant av OL på Lillehammer i 1994 og sett på lager der gjenstandane fortsatt står og støvar ned. Gamalt postkort i privat eige. Foto/skanning: Jan Faye Braadland
Figur 3. Stattholder Ulrik Frederik Gyldenløves portrett som ein gang har tilhyørt Andreas Faye og som han gav i gåve til Eidsvollgalleriet på 1850-talet. Ukjent malar.

Andreas M. Feragen var første emne

Andreas Faye-selskapet er eit resultat av langvarig arbeid, under leiing av professor Ernst Håkon Jahr. Det begynte med ei nemnd som la til rette for eit stort jubileum for Andreas Martinus Feragen (1818–1912) i 2018. Feragen var kjent som «skolemesternes konge», ein av dei viktigaste pionerane i norsk skolehistorie lokalt og nasjonalt. Andreas M. Feragen studerte på Holt seminar, og var ein populær lærar i Kristiansand noen år før Andreas Faye fekk lokka han tilbake til Holt. Der blei Feragen praksislærar og ein viktig fornyar av undervisninga. Han samarbeidd med Ole Vig (1824–1857), var tidsskriftredaktør, ein viktig lærebokforfattar og ein pionér i organiseringa av lærarane og i lokalpolitikken. Ernst Håkon Jahr skreiv biografien Skolemesternes konge. Andreas M. Feragen, og denne blei presentert i eit stort seminar i bokbyen i Tvedestrand og i Holt kyrkje. I nemnda heilt frå starten arbeidde representantar for Agder vitenskapsakademi, Bokbyen ved Skagerrak (seinare Bokbyen Tvedestrand), Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand, Holt menighet, Næs Jernverksmuseum, Tvedestrand kommune og Universitetet i Agder.

Figur 4. Portrett av «Kirkesanger A. Feragen» i Andreas Fayes fotografialbum. Privat eige.

Fram mot biografi og stifting av selskap

Neste steg var planane om den store Andreas Faye-biografien (som er omtalt i Egde 2023:4). Jahr samarbeidde med Jan Faye Braadland, som i mange år hadde forska på sin tippoldefar Andreas Faye, og publisert fleire vitskaplege artiklar. Det viste seg at stofftilfanget var enormt, og at det gav rom for mange arrangement og delmål undervegs. I 2019 kom boka  Holt seminar 180 år. Lærerutdanninga i Holt 1839–1877, redigert av Ernst Håkon Jahr og Jan Kløvstad (Novus forlag, 2019). I den boka er heile det breie intellektuelle miljøet i Holt og rundt Holt seminar omtalt. Det er blant anna korte biografiar av dei mest sentrale lærarane, og fleire av studentane. Studentane som er særleg omtalt er Andreas M. Feragen (uteksaminert 1843), Jørgen Løvland (1865), Arne Garborg (1870) og Aasulv Bryggesaa (i det siste kullet 1877). Boka inneheld også tidlegare utrykte tekstar som avgangsstilen til Arne Garborg om «Hvorledes kan en Lærer vække Lærelyst og Flid blant sine Skolebørn» og ein ukjent søknad om jobb ved seminaret frå Jørgen Moe. Heile landsdelen sendte evnerike unggutar til seminaret, og boka innheld ei liste Øyvind Bjorvatn har utarbeidd over alle uteksaminerte seminaristar frå seminaret starta i 1839 til det blei flytta til Kristiansand og blei Kristiansand lærarskole i 1877. Holt seminar er starten på undervisningsdelen av dagens Universitetet i Agder. I den restaurerte seminarsalen i andre etasje på Holt prestegård har historielaget plassert  ei vogge med påskrifta «Universitetet i Agders vogge».

Figur 5. Ernst Håkon Jahr og Jan Kløvstad presenterer boka om Holt seminar hausten 2019.
Figur 6. Seminarsalen på Holt seminar i 2. etasje på prestegarden i Holt. Foto: Agderkultur.no.

Den viktigaste enkeltpersonen for Holt seminar var Andreas Faye. Når han i tillegg var så viktig på så mange andre felt i bygginga av nasjonen Norge, ville initiativtakarane gå vidare i arbeidet. Den nemnte biografien «Nybrottsmannen Andreas  Faye» blei lansert på det første ordinære årsmøtet i 2022, på Fayes fødselsdag 5. oktober. Selskapets vedtekter seier at «Andreas Faye-selskapet er et ideelt selskap med formål å spre og fordjupe kunnskap om Andreas Faye, hans liv og virke. Selskapet er geografisk plassert på KUBEN, Aust-Agder Museum og Arkiv IKS, Arendal.» Og vidare at «Selskapet skal arbeide for formålet ved å bidra til å bevare og løfte fram arven etter Andreas Faye, gi ut skrifter av og om Andreas Faye, m.a. gjennom ei årbok, arrangere foredrag og studiebesøk i tilknytning til selskapets formål, og arbeide for at andre minner etter Andreas Faye blir tatt vare på.»

Figur 7. Biografien om Nybrottsmannen Andreas Faye kom ut på Novus Forlag i 2021 og kan kjøpast med rabatt av medlemmer av selskapet.

Selskap med årleg forelesing og årbok

Alt første året har selskapet fått over 60 medlemmer. Kvart år 5. oktober er det Andreas Faye-forelesing. Den første i 2022 var ved professor Arne Bugge Amundsen om Andreas Faye som prestetype. Den andre forelesinga var i Arendals 300-årsjubileyum, og Ernst Håkon Jahr foreleste om Andreas Fayes betydning for Arendal. Den første årboka frå Andreas Faye-selskapet blei presentert 5. oktober 2023. Boka inneheld blant anna Bugge Amundsens forelesing, og artiklar av Sine Halkjelsvik Bjordal om Andreas Faye, J. C. Dahl og tidlige tanker om bygnings- og fortidsminnevern i Norge, Vibeke Waallann Hansen om Troll kan tegnes. Theodor Kittelsens bruk av sagn og myter som inspirasjonskilde, Dagfinn Rødningen, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren om Forholdet mellom de to fornorskingsordlistene til Andreas Faye og Ole Vig, Sverre Følstad om Andreas Fayes sagn og utstillinga «Mellom to Verdener, Ernst Bjerke om Nor, en Billedbog for den norske Ungdom i tre ulike utgaver. Med tekster av Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Moe og Andreas Faye. I kvar utgåve er det tillegg til Andreas Faye-bibliografien Jan Faye Braadland har laga for den store Faye-biografien. Selskapet har eiga Facebookside og æresmedlem Jan Faye Braadland driv nettstaden https://andreasfaye.no

Figur 8. Andreas Faye-selskapets første Årbok 2023. Målet er årlege utgjevingar med like spennande og variert innhald som hovedpersonen sjølv.

Styret

Andreas Faye-selskapet, særleg ved leiar Ernst Håkon Jahr, held også foredrag om Faye og fagfelta hans i inn- og utland. I styret sit Hilde Inntjore (Universitetet i Agder), Terje Bodin Larsen, Kristin Havstad (Arendal bibliotek), Knut Holt Sandblost (Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand) og Snorre Dag Øverbø (Aust-Agder museum og arkiv). Varamedlemmer er Jan Kløvstad (som også er sekretær) og Jacob Andreas Faye-Biseth.

Medlemskontingenten er 350 kr for enkeltpersonar, 500 kr for familiar og 700 kr for organisasjonar og institusjonar. Kontaktperson for å melde seg inn er sekretær Jan Kløvstad, jan.klovstad@venstre.no. Medlemmer får god rabatt på biografiane om Andreas Faye og Andreas M. Feragen (begge utgitt på Novus forlag), og tidlegare årbøker. Årets årbok er medrekna i medlemskontingenten.

Figur 9. Vil du bli medlem – nøl ikkje med å kontakte Jan Kløvstad!

Denne artikkelen er tidligere publisert i Egde Nr. 1 2024 – magasin for historie og kulturarv i Agder (utg. av Agder Historielag), s. 49–50.

Print Friendly, PDF & Email