Biografien om «Nybrottsmannen Andreas Faye» har fått flere fine oppslag den siste tiden, og vi bringer nå to anmeldelser av biografien. Den første stod på nettsiden til Tønsbergs Blad rett før påske og er anmeldt av Finn Stenstad, som gir denne litterære bautaen over Faye terningkast 5 i avisen. Den andre anmeldelsen er skrevet av Jan Kløvstad i påskenummeret av Kirkedøra, menighetsbladet for Dypvåg, Holt og Tvedestrand. Boken er til salgs hos nettbokhandlerne eller en bokhandel nær deg.

Andreas Faye frem fra glemselen

ved litteraturanmelder Finn Stenstad, Tønsbergs Blad 12. / 22. april 2022

Hvem som fortjener omtale i skolens litteraturhistorie, har alltid vært et diskusjonstema. Kanskje husker noen at navnet Andreas Faye (1802-1869) har vært nevnt i samband med nasjonalromantikkens sentralskikkelser som folkeeventyr – og sagnsamlerne Asbjørnsen og Moe. Da at presten Andreas Faye i en kort bisetning også krediteres for å ha samlet norske sagn og fått dem utgitt så tidlig som i 1833.

Om det var norsklektoren på Nøtterøy videregående skole som i sin tid inspirerte nå pensjonerte professor Ernst Håkon Jahr fra universitetet i Agder til å interessere seg for Andreas Faye, vites ikke. Men nå foreligger i alle fall hans mastodontverk av en biografi, «Nybrottsmannen Andreas Faye» godt hjulpet av Fayes etterkommer Jan Faye Braadland fra Sandefjord.

Et imponerende verk har dette blitt, på en og samme gang vitenskapelig og muntlig fremstilt. Her er mengder av data, henvisninger og kommentarer som i sin detaljrikdom appellerer til forskningsbasert lesning og som først og fremst henvender seg til det folkloristvitenskapelige fagfeltet. Men med sin dagligtaleformet språkdrakt blir boka også givende for andre som gir seg i kast med dette verket. Dypdykk i de over tusen sidene viser et kulturmenneske av dimensjoner. Som gjennom dette omfattende arbeidet løfter fram en genuin nybrottsmann i den unge, nye Eidsvoll1814-generasjonen, på høyde med de mer kjente som for eksempel Asbjørnsen og Moe, P.A. Munch og dikterne Wergeland og Welhaven.

Andreas Fayes interesse og faglighet spente over en rekke felter. Primært var han prost og sogneprest, siste delen av sitt liv i Sande i Vestfold. Men parallelt, lærer, rektor, historiker og lærebokforfatter, og for ettertiden, den sentrale folkeminnesamleren, som nå har fått sin litterære bauta.

 

Eit monumentalt verk om Andreas Faye, prest i Holt og nybrottsmann

Bokomtale ved Jan Kløvstad, Kirkedøra, Menighetsblad for Dypvåg, Holt og Tvedestrand påsken 2022

Visste du at læraren og presten Andreas Faye på Holt var den som lærte Norge å rekke opp handa når vi skal seie noe? Eller at den same Faye var den einaste nordmannen som var i audiens hos den store tyske diktaren Goethe, var Norges leiande historikar i to periodar på 1800-talet, var den første folkeminneforskaren, tok initiativet til Arendal museum og bibliotek (i dag Kuben på Langsæ og biblioteket i Arendal sentrum) – og mykje meir?

Ernst Håkon Jahr har gitt ut boka Nybrottsmannen Andreas Faye, eit verk på 1021 sider. I tillegg til fortellinga om livsverket, eller rettare sagt livsverka i fleirtal, til Andreas Faye, inneheld boka også 200 sider utarbeidd av Jan Faye Braadland. Faye Braadland, tippoldebarn av Andreas Faye, har registrert alt som er skrive av Faye i ein bibliografi, og alle foto, maleri og andre portrett av Faye i ein ikonografi.

Dette er den fjerde (!) boka om menneske i det intellektuelle miljøet i Holt og Tvedestrand på 1800-talet. I tillegg har det kome jubileumsbøker om Holt kyrkje i 1953 og 2003, fleire grundige artiklar i Dengang på våre kantar (mange av dei skrivne av Øyvind Bjorvatn), hefte og artiklar både frå Næs jernverksmuseum og Øyvind Bjorvatn. Dei fire store biografiane er Egil Børre Johnsen om Knud Knudsen (Bokbyen Forlag, 2006), Arild Stubhaug om Jacob Aall (Aschehoug, 2014), Ernst Håkon Jahr om Andreas Feragen (Novus forlag, 2018) og nå den mest omfattande av dei alle: Nybrottsmannen Andreas Faye. Og ennå  er det meir stoff å hente og formidle frå dette rike miljøet.

Født i Drammen

Andreas Faye blei født i Drammen i 1802. Som utdanna teolog, det var blant dei profesjonane ein kunne studere den gongen, søkte han seg til den høgare skolen (gymnaset, vidaregåande skole) i kunnskapsbyen Arendal. Arendal var eit kunnskapssentrum på den tida. Og like viktig: kort veg til miljøet på Næs Jernverk og den enorme boksamlinga til Jacob Aall. Boktittelen gir tonen i boka: Faye var ein nybrottsmann på mange felt. For å gi rettferd både til Faye sjølv og alle fagfelta han involverte seg i, er boka delvis kronologisk, nemleg fram til Andreas Faye blei sokneprest i Holt i 1833, og frå han flytta til Sande i Vestfold i 1860 til han døde der i 1869. Faye var eit menneske som alltid gjorde noe, alltid arbeidde, alltid leita etter område å sette seg inn i og gjere nytte for seg nå. I tida frå 1833 til1860 tar Jahr for seg også mange av områda Faye engasjerte seg i.

Studier i teologi og historie

På det nye universitetet i Oslo frå 1811 var det berre profesjonsstudium studentane kunne velje, ikkje enkeltfag som seinare. Universitetet var ein embetsmanns- og profesjonsskole som skulle utdanne folk til dei yrka det nye Norge hadde behov for. Dei som blei uteksaminerte som teologar, var klare for prestegjerninga. Men mange studentar var meir interesserte i andre fag, som historie, og den unge Faye ville bli historikar. Etter eksamen søkte han seg til den høgare skolen i Arendal. Berre 29 år gamal blei han valt inn som medlem i Vitenskapsselskapet i Trondheim, nemleg etter at han hadde gitt ut læreboka Norges historie i 1831. Denne historieboka var den første som førte norsk historie fram til 1814. Før hadde historikarane berre skrive om historia fram til Kalmarunionen, og dansketida starta i 1389. Jahr fortel om ei omfattande og allsidig lærebok for skolen, men med noter for å vise kjelder og stimulere til vidare forsking. Før grunnlovsjubileet i 1864, 50 år etter 1814, var det han som blei beden om å skrive historia om 1814 til 50-årsjubileet.

Dannelsesreisa

Faye var språkkyndig, og reiste på dannelsesreise i Europa 28 år gamal. Det var da han fekk møte Goethe, noe både Goethe og Faye har skrive om i dagbøkene sine. Goethe noterte (i Jahrs omsetjing) at «Herr A. Faye, adjunkt ved latinskolen i Arendal, gav meg gledelige meldinger om de norske bergverksmenn, venner av mineralogien og geognosien.»

Jahr startar boka med skildringa av dette historiske møtet, og om det internasjonale nettverket Faye gjennom denne reisa kom med i. Faye kom etter kvart heim til Arendal: «Den vesle, men svært rike byen – Norges overlegent rikeste den gangen – så snart hvilken initiativtaker og kapasitet som nå var tilbake fra ei skjellsettende studie- og dannelsesreise i Europa. Denne reisa og seinere korrespondanse betydde at Faye tidlig hadde forbindelse med og inngikk i et internasjonalt nettverk av framstående europeiske forskere og åndsarbeidere, først og fremst i Tyskland og Danmark. Utenlandske venner og medlemmer i det internasjonale fagnettverket han hadde bygd seg, venta seg mye av den unge nordmannen, som var djerv nok til å banke på døra til de fremste, til og med dikterkongen Goethe i Weimar.»

Faye møtte også H. C. Andersen og danske og tyske forskarar som var interesserte i folkeminne, han møtte malaren J.C. Dahl og mange fleire. Like etter han kom heim, starta han arbeidet med å utarbeide ei samling av dei sagna han tidlegare hadde samla inn på reiser rundt i Sør-Noreg, og han samla inn fleire frå skriftlege og munnlege kjelder. Norske Sagn (1833) er den første folkeminnesamlinga i Norge, om lag eit tiår før Asbjørnsen og Moe tok til å gje ut eventyr. Det er også Faye som har valt ut dei Snorre-tekstane som i ettertid er blitt dei mest lesne, nemleg dei historiene frå Snorre han tok med i historieboka han lagde for allmueskolen (1834). Faye bygde undervisninga på Holt på erfaringar frå dei fremste internasjonale pionerane, og han skreiv sjølv ei grunnleggande bok om pedagogikk, Almuskolen (1853).

Initiativtakaren

I samarbeid med J.C. Dahl la Faye mykje av grunnlaget for Fortidsminneforeningen. Han var m.a. den første som skreiv fagleg om stavkyrkjene (1836), og den første som publiserte stev frå Setesdal (1840) – den tradisjonen som kom på UNESCOs verdsarvliste i 2017. Faye blei ein pioner i fråhaldsrørsla, som han såg heilt nødvendig utfrå drikkekulturen i Holt og området rundt. Han skreiv boka Alf Thorsen, den forstandige bonde (1838), ei jordbrukslære iblanda fråhaldspropaganda. Som stortingsmann i 1842 støtta han fleire forslag for å redusere drikkinga, som han såg gav alvorlege sosiale problem. Holt seminar fekk ry for å vere framtidsretta og ein mønsterskole. Samspelet mellom Faye og praksislærar Andreas M. Feragen gjorde Holt til ein foregangsskole heile landet såg opp til, og lærte frå. Jahr skreiv ein solid biografi også om Andreas M. Feragen for fire år sidan. Faye og Feragen dreiv det vi i dag kallar forskingsbasert undervisning. Dei heldt kontakt med fagmiljøa innanlands og utanlands, var med i nordiske møte (Faye var ein av leiarane i fleire skandinaviske kyrkjemøte) og redigerte viktige fagtidsskrift for den tidlege lærarstanden.

Eit imponerande arbeid

Det er, som vi forstår, ei omfattande bok Jahr har laga om denne pioneren, Nybrottsmannen. Den er ryddig og lett å finne fram i, med namneregister, litteraturlister og detaljerte innhaldslister. Dei to tillegga Fayes tippoldebarn Jan Faye Braadland har laga, bidrar godt til det komplette bildet av ein av dei fremste samfunnsbyggarane i Norge på 1800-talet. Andreas Faye kunne blitt professor i historie ved universitetet i Oslo. Han kunne sikkert blitt både biskop og mykje anna. Men han valte å bruke først Arendal og så Holt som utgangspunkt for eit stort og viktig livsverk. Det har Jahr nå forska seg fram til, og formidlar så godt som berre dei aller dyktigaste forfattarane er i stand til. Jahr er ein av Nordens fremste språkforskarar, nå pensjonert professor ved Universitet i Agder, han var preses (leiar) for Agder Vitenskapsakademi i 18 år, og han har gitt ut meir enn 70 bøker. Mange hugsar han også som dommar i NRKs store dialektkonkurranse for mange år sidan. Nybrottsmannen Andreas Faye er eit verk like interessant for dei fremste fagfolka i inn- og utland som for oss vanlege samfunnsinteresserte lesarar. Takk, Ernst Håkon Jahr!

Ernst Håkon Jahr: Nybrottsmannen Andreas Faye.

Med bibliografi og ikonografi ved Jan Faye Braadland.

Novus forlag, 2022