Andreas Faye-selskapet – Halvårsbrev nr. 1, desember 2022
Nå er vi i gang med arbeidet i selskapet. Vi har 52 medlemmer i tillegg til æresmedlem Jan Faye
Braadland.
Vi berre ventar på den endelege godkjenninga i Brønnøysundregisteret. Etter det får vi bankkonto, så vi slepp å ha inn- og utbetalingar via privat konto. Så fort bankkontoen er på plass, vil vi sende ut krav om innbetaling av årspengar til dei som ikkje har fått den sjansen ennå.
Årsmøtet 5. oktober
Årsmøtereferatet er sendt ut til alle registrerte medlemmer.
Arne Bugge Amundsen heldt Faye-forelesinga om Faye som prestetype. Vi kan få lese i første årboka frå selskapet neste haust. Interimsstyret orienterte om arbeidet sidan skipingsmøtet 8. mars.
Styret for Andreas Faye-selskapet frå 5. oktober 2022 er:
Leiar Ernst Håkon Jahr (eitt år), nestleiar Hilde Inntjore (to år), styremedlemmer Kristin Havstad (eitt år) og Terje Bodin Larsen (to år). Selskapet har fått desse to oppnemningane: Knut Holt Sandblost (Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand) for eitt år og Snorre Dag Øverbø (Kuben-Aust-Agder museum og arkiv) for to år.
Varamedlemmene for eitt år: Jan Kløvstad (som blir sekretær) og Jacob-Andreas Faye-Biseth.
Frå Kuben er Kristoffer Vadum oppnemnd som varamedlem. Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand oppnemner varamedlem for Knut Holt Sandblost.
Styret fikk fullmakt til å oppnemne revisor og valnemnd for årsmøtet hausten 2023. Eiliv Ulltveit-Moe
har sagt seg villig til å vere revisor.
Det gode boktilbodet
Vi har framleis noen eksemplar av dei kritikarroste storverka frå kunnskapsmiljøet på Holt, til medlemspris:
Ernst Håkon Jahr: Nybrottsmannen Andreas Faye 413 kr (vanleg pris 590 kr)
Ernst Håkon Jahr: Andreas M. Feragen. Skolemesternes konge 277 kr (vanleg pris 395 kr)
For begge bøkene 690 kr. (Pris for ikkje-medlemmer er 590 + 395 = 985 kr)
Send ein e-post til jan.klovstad@venstre.no, så finn vi anten gratis eller den billegaste leveringsmåten.
Gåve
Ninni Mürer Howlid har gitt ei slektstavle (innramma) som gåve til selskapet. Vi takkar!
Heimesida www.andreasfaye.no og facebooksidene
Vi har begynt å oppdatere heimesida og det er stadig aktivitet på dei to facebooksidene Andreas Faye-selskapet og den enda meir aktive Andreas Faye – historiker og folkeminnesamler 1802-1869
Jostedalsrypa – som ræpp
På årsmøtet framførte Jacob Andreas Faye Biseth «Jostedalsrypa», til stor fagnad. Her får du både omtale, tekst og melodien. https://andreasfaye.no/2022/11/jostedalsrypa-bz-rapp-inspirert-av-fayes-sagn/
2023
Æresmedlem Jan Faye Braadland arbeider med Andreas Fayes dagbøker. Første band skal kome i digital
utgåve. Ernst Håkon Jahr og Terje Bodin Larsen har redaktøransvaret for den første årboka. Medlem Arild Stubhaug vil ha med Andreas Faye i foredrag om viktige menneske i Arendal i første del av 1800-talet, i regi av Arendal historielag i september. Vi forsøker å få Faye godt fram i 300-årsjubileet i Arendal, og presenterer heile det viktige kultur- og kunnskapsmiljøet i Holt så ofte vi får sjanse til det.
Kontaktinformasjon til Andreas Faye-selskapet er sekretær jan.klovstad@venstre.no