I papira etter Andreas Faye låg det ei handskriven fornorskingsordliste, ei liste over vanlege ord i det danske skriftspråket som vart brukt i Noreg den gongen, og foreslått norske avløysarar, tatt frå dialektane eller frå Ivar Aasens da nyleg utgitte Ordbog over det norske Folkesprog (frå 1850). Lista omfattar 1841 oppslagsord, men går ikkje lenger enn ut S; det siste oppslagsordet er Sønder (dvs. ’sund’, på det vanlegaste moderne bokmålet ’i stykker’).

 

I 1950-åra har Sigurd Kolsrud, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, vorte merksam på denne ordlista, som Faye sjølv ikkje har omtalt nokon stad. Kolsrud skreiv ho av og gjorde ho klar til trykking i serien Skrifter frå Norsk Målførearkiv i 1957. Han døydde rett etterpå, så boka kom ut posthumt i 1958.

Figur 1. Sogneprest Andreas Faye.<br/>					 
Tegnérs Lithographiske Institut, 1857
Figur 1. Sogneprest Andreas Faye.
Tegnérs Lithographiske Institut, 1857
Figur 2. Andreas Faye: Dansk-Norsk Ordbog, Oslo 1958.
Figur 2. Andreas Faye: Dansk-Norsk Ordbog, Oslo 1958.

I det store ordboksverket Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, som var i arbeid frå rett etter krigen til verket vart fullført med tolv band i 2016, vart Fayes liste brukt som kjelde til informasjonar om norske dialektord og bruken av dei midt på 1800-talet. Den kunne nyttast som supplement til Ivar Aasens skrifter, som var sjølve hovudkjelda. Ei anna samtidig liste av liknande slag som òg vart nytta på same vis, var gitt ut av folkeopplysningsmannen Ole Vig (1824–57). Han trykte lista si som føljetong i tidsskriftet Den norske Folkeskole, som han redigerte, i årgangen 1855–56.

Figur 3. Folkeopplysningsmannen Ole Vig. Kobberstikk etter daguerreotypi ca. 1852.
Figur 3. Folkeopplysningsmannen Ole Vig. Kobberstikk etter daguerreotypi ca. 1852.
Figur 4. Faksimile av månedsskriftet Den norske Folkeskole utgitt av Ole Vig.
Figur 4. Faksimile av månedsskriftet Den norske Folkeskole utgitt av Ole Vig.

Vi som skriv denne artikkelen, har alle jobba i redaksjonen av Norsk Ordbok i mange år, og såleis brukt både Fayes og Vigs lister som kjelder. Det slo oss da kor like dei verka: langt på veg, men ikkje heilt, parallelle. I og med at Vigs lister ikkje var nyutgitt samla nokon gong, kom vi til at vi ville gjere den jobben i åra etter at Norsk Ordbok var fullført. Vi redigerte Vigs liste i eitt dokument og fekk gitt ho ut i skriftserien til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 2020. I den samanhengen gjennomførte vi eit forskingsprosjekt der målet var å klargjere bakgrunnen for Vigs liste, ikkje minst gjennom ei jamføring med Fayes. Dette er beskrive i ei relativt fyldig innleiing til boka Den første fornorskingsordlista, som også inneheld heile Vigs liste. I denne artikkelen skal vi kort beskrive kva vi fann ved å jamføre Fayes og Vigs lister, og kva vi meiner å ha funne ut om tilkomsten av desse listene. Av plassomsyn må vi forenkle kraftig, så vi viser til den nemnde boka for grundigare argumentasjon og dokumentasjon.

Som nemnt, omfatta Fayes liste 1841 oppslagsord frå alfabetstrekket A – S. Vigs lister i Den norske Folkeskoleomfattar til saman ca. 2800 oppslagsord, av dei 2310 i alfabetstrekket A – S, den delen som er direkte parallell med Fayes liste. Det vil seie at Vig i dette strekket har 469 fleire oppslag enn Faye. Alle oppslaga Faye har, med eitt og anna isolert unntak, har Vig òg med. Men sjølve ordartiklane er gjerne meir utførlege hos Vig enn hos Faye, med fleire norske avløysarord. Med få unntak har Vig med alt det som Faye har med, men altså mykje anna stoff i tillegg. Ein skilnad mellom listene er også det at Vig fornorskar stavemåten av orda meir konsekvent enn Faye, såleis skriv han Afveksling, Allianse, Effekt, Illusjon, Sekretær der Faye skriv Afvexling, Alliance, Effect, Illusion, Sekretair.

Vi tar med eit lite utsnitt av dei to ordlistene så lesarane kan samanlikne dei direkte. Vi vel starten på bokstaven (alle orda på la-). Fayes liste står til venstre, Vigs til høgre.

Faye:

Vig:

Lader = Læte. Lader = Læte.
lader = læst.
lagvis = flovis. lagvis = flovis.
lam = naamen, numen. lam = naamen (numen).
Lampe = Kola (Kulu).
Lancet (fr.) = Sneppert. Lancet (fr.) = Sneppert.
Landingssted = Stø – Baadstø. Landingssted = Stø, Baadstø.
landsætte Baaden = bryne B.
Landmærke for Fiskere = Me (Mid, Med).
Landse (fr.) = Langspjut. Landse (fr. og t.) = Langspjut.
langbenet = skrævstor, lang i Skrævet.
lange (t) = naa – fli. lange (t.) = naa, fli.
Langvarighed = Æve.
Larm = Staak, Styr. Larm = Staak, Braak, Brot, Sjau, Styr.
Larve = Mark, Aame. Larve (l.) = Mark (Makk), Aame.
Lase = Fille. Lase = Lørve (Larve, Lærve), Fille.
l          = fillet. laset = fillet.
Lav = laag. lav = laag (f. Eks. laaghalt).
lavt beliggende = laaglændt. lavt beliggende = laaglændt.
Lave = Lag. Lave = Lag.
lave = lage – stelle. lave = lage (laagaa), stelle.
lovlig = lagleg. lovlig = lagleg, høveleg.
lovere = slage, baute. lavere = slage, baute.
Laserett = Sykehus. Lasareth (t.) = Sykehus.
Lavine (ital.) = Sneskred. Lavine (ital.) = Sneskred = Snjoskrej(d).

Det er nokså opplagt at det må vere ein nær samanheng  mellom desse listene, så nær at det må vere snakk om avskrift. Men altså ikkje mekanisk avskrift. Om vi går ut frå at Faye og Vig er dei einaste to involverte personane (og vi har ingen indikasjonar på at det kan ha vore andre inne i bildet), er det to moglegheiter som står fram: Vig har skrive av etter Fayes liste, men supplert med masse ekstra materiale (og i tillegg ført lista heilt ut alfabetet). Eller: Faye har skrive av Vigs liste, og i den prosessen korta kraftig inn og stroke mykje som Vig hadde med.

Men det finst også eit tredje mogleg scenario, og det er at Faye kan ha fått tilgang på ein tidlegare versjon av Vigs liste og skrive av den. Imens har Vig sete med eit anna eksemplar av lista si og utvida den med nytt stoff, og etter kvart trykt denne lista i små bitar gjennom ein del nummer av Den norske Folkeskole. Både denne versjonen og dei to andre versjonane må i tillegg, for å vere truverdige, forhalde seg til at vi ikkje har kjennskap til noka form for direkte kontakt mellom Faye, som sat i Holt og var sokneprest og skolestyrar, og Vig, som heldt til i Christiania der han arbeidde med tidsskrifta sine (Folkevennen og Den norske Folkeskole).

Her har Ernst Håkon Jahr komme oss til hjelp med eit scenario som gjer ein slik hendingsgang mogleg. Faye og Vig hadde ein god felles venn, nemleg Andreas Feragen. Jahr fortel i Feragen-biografien sin at Feragen og Vig møttest på eit lærarmøte i Christiania i 1854, og at dei da fekk god kontakt og snakka om mangt og mykje. Seinare har dei sendt manuskript til kvarandre som dei kommenterte. Det ligg godt innanfor det moglege at Vig hadde to eksemplar av lista si liggande, og gav eller lånte eitt til Feragen på dette lærarmøtet. Feragen kan så ha gitt eller lånt det vidare til Faye til avskriving. Da var det eitt år til den større lista til Vig kom på trykk i Den norske Folkeskole (i oktober 1855). Vi kan tenke oss at Faye da hadde sete i dei få ledige stundene han hadde gjennom dette året og skrive av, og hadde komme ut S da han fekk sjå dette nummeret av ”Folkeskolen” og forstod at ei lengre utgåve av Vigs liste no ville bli trykt i bladet – som Vig gjorde klart merksam på i ei innleiing til lista som han trykte. For Faye var det da rimeleg å legge bort avskrivinga, og han trong ikkje å kjenne det som eit nederlag – kanskje heller som ein lette: han hadde tusen andre ting å engasjere seg i og bruke tid på. I lista hans står det oppført mange spørsmålsteikn i tillegg til at han nokre få stader fører inn direkte kritikk og rettingar til Vig – som ikkje har komme inn i Vigs trykte lister. Det kan bety at Vig aldri fekk sjå desse rettingane – om dei berre vart liggande i ein skuff hos Faye. Spørsmålsteikna til Faye manglar heilt i Vigs lister, det kan vere stader der Faye har stussa over ting Vig har skrive og markert for å sjekke grundigare når han fekk høve; kanskje han ville sende ein oppretta og forbetra versjon til Vig med tid og stunder. Og så vart det ikkje noko meir av det.

Denne versjonen av hendingsgangen verkar mest plausibel ut frå det vi har greidd å finne ut. Vi har da enno ikkje nemnt sjølve hovudbeviset for at det er Faye som har skrive av lista etter Vig – og ikkje omvendt. Vi refererer nokre sekvensar av oppslagsord i begge listene, med den skrivemåten og den rekkefølgja orda har i dei to listene:

 

V(ig): Bjergknold – Bjælke – Bjørn

F(aye): Bjergknold – Bjelke – Bjørn

 

V: cirka – Cirkel – Cirkulære

F: circa – Cirkel – Circulaire

 

V: Ekko – eklatant – Eksamen – elastisk

F: Ekko – Examen – elastisk

 

V: græde – Grændse – Græs

F: græde – Grendse – Græs

 

V: nænner ikke – næppe – nære

F: nænner ikke – neppe – nære

 

V: Officin – Okcidenten – Olding

F: Officin – Occidenten – Olding

 

Vi ser altså at skrivemåten på fleire av orda er ulik i dei to listene. Men rekkefølgja er den same, og den er heile tida korrekt hos Vig, mens det blir feil hos Faye når han endrar skrivemåten: såleis skal Okcidenten stå etter Officin, mens Occidenten skal stå før Officin. Det viser at det er Vig som har sett opp dei alfabetiserte ordrekkene først, mens Faye har skrive av etter han og endra skrivemåten slik han ville ha det (til dømes sett inn e for Vigs æ i ein del ord, som Bjelke, Grendse og neppe) utan å flytte ordet til rett plass i alfabetet.

Uansett er desse listene, både Fayes og Vigs, sterke vitnemål om den interessa tanken om ei fornorsking av skriftspråket hadde begynt å vekke i 1850-åra, både blant det ein kan kalle progressive embetsmenn, som Faye, og blant intellektuelle med meir folkeleg rot, som Vig, Knud Knudsen, A. O. Vinje og Andreas Feragen. Dermed er dei framleis viktige språkhistoriske dokument.

Figur 5. Originalmanuskriptet til Fayes «Norsk Ordbog» som stopper med bokstaven s fra Fayes samlinger i Riksarkivet, arkivreferanse Ra/Pa-0015 Andreas Faye, Fe-L0020/0004 Norsk Ordbog av A. Faye. Et oktavbind (tidligere referanse VI16).
Figur 5. Originalmanuskriptet til Fayes «Norsk Ordbog» som stopper med bokstaven s fra Fayes samlinger i Riksarkivet, arkivreferanse Ra/Pa-0015 Andreas Faye, Fe-L0020/0004 Norsk Ordbog av A. Faye. Et oktavbind (tidligere referanse VI16).

Hele teksten til «Den første fornorskingsordlista» i DKNVS Skrifter 2, 2020 kan lastes ned her

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar